Smaken av Midtsommar - vinsmaking enkelt sagt

Publisert
23
.
June
2022

Kjenn – det luktar friskt av nordisk frukt og markblomar. Smaken av midtsommarnetter og det gode liv. Vinsmaking handlar om å ta alle sansane i bruk.

Det er så deilig å frigjere seg fra kva som er rett eller gale og bare ta innover seg kva ein opplever – med heile seg. Korleis får denne smaksopplevinga meg til å føle meg? Korleis passar denne vinen til maten eg har framføre meg på bordet?

Vinsmaking handlar om

Det visuelle

Er vinen klar eller cloudy, lys eller mørk? Kvitvinen, har den grønskjær eller er den varmt gul? Raudvinen, heller den mot brunt eller blått?

Aroma

Opplevinga av vinen startar i nasen. Tenk det! Du har sikkert sett det – korleis folk står og snurrar på glass og stikk heile nasen oppi glaset og snuser godt inn. Snurringa handler om å frigjere lukta – eller aromaen – slik at me skal få kjenne riktig godt etter. Og kva er det me kjenner etter?Primær aroma: Aromaen som følgjer med druestorten og terroir. Me snakkar aroma av frukt, bær, blomar, mørke og lyse bær… Solaris-vinen vår (2021) har til dømes aroma av eple og blomar, og litt stikkelsbær, meiner vinbonden. Sekundær aroma er det som oppstår i gjæringsprosessen. I år har fleire av vinene vore gjennom noko som kallast malolaktisk prosess, og det kan gi ein aroma og smak av gjærbakst eller smør. Viner som ligg på eikefat får typisk aroma av kløver.
Tertiær aroma: Dette er aromaer vinen pådrar seg av aldring i flaska.

Prøv å lukte på ein vin før du snurrar og luktar igjen. Kjenner du nokon forskjell? Har du nokon gong opplevd at vinen kjem deg i møte nesten før du har fått nasen i glaset? Ganske kult at det kan dere så stor skilnad.

Smak

Når me smakar er fleire ting me kjenner etter. Og her er oksygenet din gode hjelper – så ikke ver sjenert. Smatt og slurp i veg!

Har vinen godt med syre? Det vil me helst at den skal ha, og det kjenner du ved at det strammer bakerst i munnen og du får vatn i munnen. Du har sikkert smakt på sitron og kjenner følelsen! Raudvin og oransjevin har ofte noko me kallar snerp, og det kjem av tanninene i vinen. Korleis kjenner du det? Jo, du blir ganske tørr i munnen og på tennene av tanniner. Syre og tanninar er me glad i – og viss dei kjennest balanserte ut, så har du eit godt utgangspunkt for ei god smaksoppleving i glaset ditt!

Så må me snakke litt om kropp, eller body, då. Det handlar om korleis vinen opplevest i munnen.

Fyldig? Frisk? Forsiktig?

Og korleis er lengden? Forsvinn smaken med ein gong du har svelga? Dette er det mange meiningar om, men har du framleis smaken i munnen 10-12 sekund etter at du svelga, så har den god lenge!

Det er så digg å gi seg hen til opplevinga og berre vere i det. Å smake på drikke på denne måten er dessutan ikkje berre for vin, så absolutt ikkje! Mormors heimelaga ripssaft, baristakaffien, julebrygget- ja all mat og drikke nokon har laga og servert oss fortener at me tar det inn med alle sansane.

Prøv det – det er så fint!

Les også: Surmjølk eller musserande vin til komle

Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.