Grupper, teambuilding, aktivitetar

Forløs din indre vinbonde!

Ta med gjengen, kollegene eller kjærasten din og tilbring dagen på vingarden på Hebnes.

Passar for:
Maks 8 personar

Varar:
6 timar

Arbeidet kan vera:

  • Rydde greiner etter beskjæring (du får med dine eigne grill-brikettar heim)
  • Luking, soping og slåing
  • Noko innearbeid (etikettering mm) etter avtale
  • Netting

Pris:
Be om tilbod

Når:
April og mai
August og september

Krav:

  • Du må vera kledd for å vera ute uansett vêr
  • Det er ikkje tungt arbeid, men du må tåla litt bøy og tøy
  • Har du diabetes, astma eller andre lidingar me skal ta omsyn til, gi beskjed

Du blir med på arbeidet som skal gjerast den dagen: Me kan nesten garantere at du vil bli skitten på hendene, du vil få solide mengder friskt luft i lungene og oddsa er store for ein dose fuglesang og brekande sauer.

Ein arbeidsdag vil normalt innebera ei formiddagsøkt i marka, ein solid lunsj, ei ettermiddagsøkt i marka, evaluering av dagens innsats, vinsmaking m/snacks, og utdeling av bevis på at du har jobba på vingarden. All mat og drikke er sjølvsagt inkludert.

Send epost til booking@hebnesvingard.no eller ring 95969809 (vinbonden Arild Hebnes).