Påling pågår – del 2

I år prøver me noko nytt. I fjor brukte me trepålar, i år går me for jern. Kvifor? Det ser ut til at trepålane blir for tøyelege, om ein kan seie det slik. Pålane bruker me til å henge opp streng i. Det er streng kvar 40 cm oppover. Denne kan druene klatre i etterkvart som dei veks. I den nedste strengen heng me opp dryppvatnings-slangen.