Me begynte med dette heilt i starten av mars, og det har vore fine dagar å halda på ute. Arbeidet går som smurt når me er tre: Ein som styrer traktoren, ein som held i pålen og ein som står i hengaren og bankar pålen nedi. Fint arbeid ein fort ser resultatet av.
Nå ventar me bare på plantane våre. Dei er forsinka, ikkje på grunn av koronaen – som ein kunne tru – men fordi ting tar tid i Tyskland der dei fleste kjem frå.