Det er ikkje berre rakettar som kan vere skumle på nyttårsafta. Så korleis opnar me ei flaske med bobler trygt og godt?
Under pressure
Ei flaske musserande vin er under høgt trykk: Musserande vin har som regel eit trykk på mellom 3 og 6 bar.
Det skal visstnok vere dobbelt så mykje som du har i bildekka dine. Ein kork som skyt ut av ei champagneflaske kjem under vanvittig press, og den kan gjere frykteleg skade, for eksempel på auga dine.
Å sable eller ikkje sable
Viss du er av typen som opnar flasker med sabel, så er du antakeleg smart og gjer det ute og sablar vekk frå kroppen din. Men for oss som ikkje er der ennå, er dette og ein måte å gjere det på:
- Hald ei hand rundt flaskebotnen.
- Hald fast i korken med andre handa. (Du har nå tatt av streng og foliepapir).
- Vri botnen av flaska rundt medan du held i korken. Då har du kontroll på korken.
- Vri til du har fått ut heile korken.
Opne trygt og godt
Synest du det er eit poeng å skyte korken ut, så gjer det i alle fall ute, og skyt frå deg og vekk frå alt og alle du har rundt deg.
Og du: Har flaska stått veldig kaldt, kan det vere litt vanskeleg å få ut korken. La den stå framme litt, eller legg hendene rundt og varm korken littegrann, så går det greitt.
Kos deg!
PS: Kan musserande vin funke til skikkeleg bondekost? Det meiner me.
1 kommentar
[…] Det er mykje meir bobler i den første. I ei flaske musserande er trykket mellom 3 og 6 bar (ganske høgt!), medan det er nede i 1-2,5 i ein […]