Bilde av druer på Hebnes vingard

Vingarden på Hebnes

Velkommen!

Her kan du:


KORTREIST 16. SEPTEMBER

Kortreist på Hebnes 16. september

Me er med på Kortreist, den store lokalmatdagen frå Gladmat, laurdag 16. september.

På vingarden skjer dette:
  • 11.00 – 19.00 Open gardsbutikk
  • 16.00 – 19.00 I vineriet kan du kjøpe eit glas av gardens dråpar, eplemost, kaffi, snacksfat mm.
Her finn du oss (google maps)
 
 
Velkommen!
 
(Foto: Lise Bjelland / VisitSuldal)
 
Me er mange som er med på Kortreist 2023. Her på Ropeidhalvøya er me to: oss og nærmaste gilde nabo på Storstova Gard. I Suldal kan du også besøke Suldalshonning på Vaage Gard og brødbakar Ingvild på Fattnes Vestre. Heile programmet til Kortreist 2023 finn du her. 

 


Hebnes vingard og Midtsommar vin blir drive av Arild Hebnes og Toyni Tobekk. Me dyrker vindruer på Hebnes i Suldal kommune og produserer vår eigen vin. Om sommaren kan du delta på vinsmaking og omvisning hos oss.

Gardsbutikk
Gardsbutikken er open for gjester når dei er på vinsmaking. Utanom det er gardsbutikken open etter avtale (berre ring 95969809, så finn me ut av det).

Om Hebnes vingard

Me starta Hebnes vingard i 2020 og har nå 6000 vinstokkar fordelt på sortane Solaris, Rondo, Leon Millot, Bolero, Regent, Norse Odin, Idunn, Tor, Rosling, Riesling og Spätburgunder. Me sysselset 1,5 årsverk og produserer kvitvin, oransjevin, raudvin og raudvin av haskap.

Me er ein av mange skattar i Skattkammeret Suldal. På VisitSuldal finn du alle skattane.