Grupper, jul & teambuilding

Julebord, krans og kos, teambuilding, aktivitetar

Ta med vennegjengen, familien eller kollegaene til Hebnes – eit lite stykke Ryfylke der skuldrene senkar seg og samtalane får flyte fritt.

Bookingsystemet vårt er for tida nede. Ønskjer du å høyre meir om tilboda våre eller booke deg inn på noko: Ring oss på 95969809 eller send epost til booking@hebnesvingard.no I det gamle grisehuset finn du Vinstova, vårt nyrenoverte serveringslokale med utsikt over fjorden og vinmarka. Her lagar me ramma for gode smakar, varme samtalar og ekte opplevingar. Lokalet har plass til om lag 60 personar, med bar, kjøkken og universell tilkomst. I same bygget ligg gardsbutikken vår, fylt med lokale smakar og små gåver – perfekt å ta med heim.
‍
Opplevingar for grupper
Me tilbyr pakkar som kombinerer natur, smak og historie – med vertskapet tett på.

Privat julebord
Hos oss får de Vinstova for dykk sjølve. Her har de eige lokale, bar og vertskap – vinbonden og budeia – som tek vare på dykk gjennom kvelden.
Maten blir servert som buffet, med lokale smakar og råvarer frå Ryfylke. De kan velja mellom vår Okse i vin eller eit innhaldsrikt vinterbord.
Julebordet kan kombinerast med Drueduellen eller julespesialen vår med gløgg og historieforteljing i vineriet.
For grupper på: 15–60 personar
Meir info om Privat julebord
‍

Krans og kveldsmat
Samla jobben, laget eller vennegjengen til ein julete og sosial kveld på Hebnes. Saman med Myhre Juletregard inviterer me til kransepynting med alt de treng av krans, pynt og utstyr.
De får også eit krus gløgg, nøtter og frukt.
Opplevinga kan kombinerast med kveldsmat eller Pakke 1. For grupper på: 10–20 personar.
Meir info om Krans og kveldsmat.
‍

Pakke 1 – Omvising og smaking
Bli med inn i kvardagen på Hebnes vingard. De får ei omvising ute og inne, historia om garden og arbeidet vårt – og smaking av tre av våre eigne produkt med litt lokal snacks.
Varigheit: 1–1,5 time
For grupper frå 15-60 personar
Mat kan bestillast i tillegg.

Ta kontakt: booking@hebnesvingard.no

Pakke 2 – Omvising, smaking og Drueduell
Ei sosial oppleving for grupper som likar litt vennleg konkurranse. I tillegg til omvising og smaking får de bryna dykk på aromatesting, blindsmaking og quiz.
Varigheit: 2,5–3 timar
For grupper frå 15-60 personar
Mat kan bestillast i tillegg.

Ta kontakt: booking@hebnesvingard.no

Mat til opplevinga
Menyane våre varierer med sesongen og råvarene frå Ryfylke.

Drikkemeny
- Vinar frå garden
- Musserande frå garden
- Øl frå Nedstrand Bryggeri
- Lokal eplemost

Praktisk informasjon
- De har lokalet for dykk sjølve medan de er hos oss
- Gardsbutikk i same bygg
- Tre gjestetoalett og romsleg garderobe
- Parkering rett utanfor eller ved vineriet (50 m)