Vårt terroir: Hebnes vingard ligg sørvendt med utsyn over vakre Sandsfjorden, på godt drenert sandjord. Den friske lufta og det kjølige nordiske klimaet på 59 grader nord skapar ideelle forhold for å produsere vinar med nordisk preg. I utvalet finn du kvitvin, oransjevin, rosévin, raudvin, musserande og vin av honningbær.
Sommarglede: Om sommaren inviterer me til omvising og vinsmaking, der du kan få smake på våre vinar og lære om historia bak. Har du eit arrangement utanom sesongen? Ingen problem – me kan skreddarsy eit opplegg for alt frå jobbsamlingar med teambuilding til store feiringar. I tillegg har me quiz-kveldar, opne dagar, og kreative aktivitetar du kan melde deg på.
Møt Team Hebnes: Me som står bak Hebnes vingard er vinbøndene Arild og Toyni, yngstejenta på garden, Andrea, tante Kjellaug, serveringsjentene Sigrid og Tuva og Camilla på kjøkken.. Gjestfridom har alltid vore ein viktig del av Ryfylke-DNAet, og saman med flinke samarbeidspartar legg me sjela vår i å gi deg ei oppleving du ikke gløymer med det første.
Berekraftigare: På Hebnes jobbar me langsiktig og medvite for å driva i takt med naturen me står i. Me er medlem av Grønt Punkt og tek ansvar for avfallshandtering og gjenvinning i heile drifta. I vinmarka legg me vekt på skånsame metodar, god jordhelse og minst mogleg inngrep. I Vinstova bruker me lokale råvarer, energismarte løysingar og ei drift som støttar lokalsamfunnet rundt oss. For oss handlar berekraft om å laga gode opplevingar – utan å slita på naturen, menneska eller historia me er ein del av.
Du finn oss elles på Instagram, Facebook og LinkedIn
Om andre:
Shopping i Ryfylke? Javisst - det er godsaker å handla lokalt: Nærmaste nabo Storstova gard, lokalmatbutikken til Kulp på Sand, Eiane gard, Fuglestein fruktgard, Mikals laks, Ryfylke gardsysteri og mange fleire!
Vil du ha noko ekstra spesielt? Prøv ein natt i Tornerose-domen hos Tveita Adventure – ei eksklusiv og naturnær overnatting.
Andre overnattingstilbod: Jelsa hotell, Ryfylke fjordhotell, Energihotellet, Sauda Fjord Camping, NorGlamp, Fossane Gard, Preikestolen camping
Sjekk også ut desitnasjnsselskapa våre: VisitSuldal, VisitRyfylke, Greater Stavanger, Fjord Norway




