Gåvekort til gode opplevingar på Hebnes

Eit gåvekort frå Hebnes vingard passar for den som likar gode smakar, lokal mat og ei roleg stund på garden. Mottakaren kan bruke gåvekortet til vinsmaking, omvising og lunsj i vår bookingkalender – ei oppleving som kombinerer lokal kultur, mat og natur på sitt beste.

Korleis fungerer det?

  • Vel beløpet du vil gi (2026-prisar: vinsmaking og omvising kr 590,- per person / sandwich-lunsj kr 260,-).
  • Trykk på gåvekort-knappen og følg prosessen
  • Gåvekortet kan berre brukast til bestilling av arrangement på nettsida vår.

Dette får ein oppleve:
Turen startar i vinmarka, der me deler innsikt om jordsmonn, druesortar og korleis me dyrkar i vårt kystnære klima. Deretter går ferda inn i vineriet, der me fortel om prosessen frå drue til ferdig flaske. Vinsmakinga skjer i dei nye lokala våre , og du får smake tre vinar laga av druer og bær frå eigen gard – servert saman med litt lokal ost og skinke for å løfte opplevinga. Besøket varar om lag 1,5–2 timar.

Etterpå kan ein nyte ein roleg sandwich-lunsj med kaffi eller te, eller kjøpe eit glas vin eller eit lokalprodusert alkoholfritt alternativ.
NB: Du må vere over 18 år for å smake vin.

Når er det ope i 2026?
Individuell påmelding frå 3. juli, ope torsdag, fredag og laurdag t.o.m. 15. august. Tidene er tilpassa hurtigbåten frå Stavanger.

Gyldigheit på gåvekort
Gåvekort gjeld i 2 år. Er det gått ut på dato? Ta kontakt – me forlengjer det gjerne med eitt år.

Slik kjem du deg til Hebnes:
Med båt: Me har gjestebrygge – ta kontakt.
Med bil: Sjå kartlenke. Parkering framføre vineriet.
Med hurtigbåt: God korrespondanse i sommarsesongen.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.