Ofte stilte spørsmål

Me får mykje spørsmål frå deltakerane våre. For å gjer det så enkelt som mogleg for deg å få svar på det du lurar på, har me skrive ned nokre av dei mest spurde spørsmåla.
Berre for grupper?
- Me har fast ope torsdag, fredag og laurdag i juli og halve august. Då kan alle som ønskjer melda seg på. Påmelding til dette finn du alltid på framsida vår. - Utanom sommarsesong kan ein bestille omvisning og vinsmaking for ei gruppe. Les meir på https://www.hebnesvingard.no/vinsmaking - Lyst til å ta med folka på jobben og gjera noko heilt annleis ein dag? Sjekk ut tilbodet vårt under: https://www.hebnesvingard.no/grupper - Påskequiz, Maling & mingling, Midtsommarfest: Nokre gonger i året opnar me vingarden for kreative og sosiale aktivitetar. Desse finn du alltid på framsida vår. 
Har de sjåførdrikke?
Ja, du som kjører kan sjølvsagt også melde deg på. Du vil då få eplemost i glaset i staden for vin. Det koster det same, og du melder deg på på same måte som dei som skal smake vin. Me set stor pris på å få beskjed om at du vil ha sjåførdrikke før du kjem.
18-årsgrense på andre arrangement?
På enkelte arrangement har me 18-årsgrense. Der dette er opplyst må du vera fylt 18 år for å delta.
Kan alle vera med på vinsmaking?
Om du er under 18 har du lov å vere med på arrangementet, men du får ikkje smake vin (jfr Kan me ha barn med på vinsmaking). I staden får du eplemost i glaset. Du som er ungdom/ung vaksen bør ha legitimasjon med, slik at me kan sjekke alderen din.
Kan me ha barn med på vinsmaking?
Ja, det kan du! Når du bestiller må du bare notere at du har med barn. Det kostar det same som for vaksen. Barn får same snacksfat som vaksne, og dei får eplemost i staden for vin. Prisen er den same som for vaksen.
Når er gardsbutikken open?
Når du er gjest på eit arrangement hjå oss vil gardsbutikken alltid vera open. I sommarsesongen er butikken open torsdagar 17-19. Elles på førespurnad (lurt å ringe før du kjem: 95969809).
Korleis kjem me oss til Hebnes?
Du kan søke opp Hebnes vingard på Google maps. Vil du legge inn adressa manuelt er det Hebnesvegen 1797, 4235 Hebnes. Kjem du med eigen båt skal du inn til Leirvika på austsida av neset. Ring alltid på førehand og avklar om det er båtplass ledig (95969809). Kjem du frå Stavanger/Nedstrand, kan du ta hurtigbåten til og frå. Det er 800 slake meter å gå frå kaien til vingarden. Reisetider med hurtigbåten finn du her: https://www.kolumbus.no/reiseplanlegger/ Tider for vinsmaking er stort sett lagt opp til å passe med hurtigbåten til og frå Hebnes
Har de båtplass?
Ja, kjem du med eigen båt så har me båtplass. Ring vinbonden 95969809 og avtal båtparkering.
Har de plass til bubil?
Ja, frå 21/3-24 har me gratis plass kun til Nortrip-medlemer. Du kan ringe tidlegast dagen i forvegen, det er ikkje mogleg å bestille plass lang tid i forvegen. Ring 95969809 og høyr om det er plass. https://nortrip.no/bruk-nortrip/
Tilbyr de overnatting?
Ikkje me, men det er fleire gode alternativ i Suldal og Sauda: Tveita Adventure (glamping 3 km herfrå), Jelsa Hotell, Ryfylke fjordhotell på Sand, Kløver hotell i Sauda. Det er også hytter for vekesleige: Hebnes fjordferie, Dysja fjordhytter.

Er det andre ting du lurar på, ta kontakt med vinbonden på 95 96 98 09

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.