Cold climate-vin på 59° nord

Publisert
17
.
February
2026

Det hender folk spør oss om me verkeleg dyrkar druer på friland. På 59 grader nord.
Det er eit rimeleg spørsmål. Tradisjonelt har ein sagt at vindruer trivst best i sona mellom 30 og 50 grader nord og sør for ekvator. Der kor sommaren er lang, hausten stabil og ullgenser ikkje er standardantrekk midtsommars. Me ligg ni breiddegrader lenger nord.

Så kva betyr eigentleg det – å dyrka druer i det som fagleg kallast cold climate?

Kva inneber kjøleg klima i praksis?
Å dyrka druer på 59° nord handlar først og fremst om rammer.
Me har:
- Kort vekstsesong
- Lågare temperaturar i modningsperioden
- Ei jamn uro for frost eller nedbør i sårbare fasar
- På Hebnes: Maritim påverknad med relativt jamne døgnvariasjonar
Til gjengjeld har me ope landskap og mykje lys. Me har lange, lyse sommardagar og -netter som gir intensiv fotosyntese i ein konsentrert periode.
Cold climate handlar ikkje berre om temperatur, det handlar om balansen mellom lys, varme og tid – og om korleis planten reagerer på desse føresetnadene.

Naturleg høg syre – eit klimafortrinn
I kjøleg klima brytast syra i druene ned saktare enn i varmare område. Samtidig skjer sukkerakkumuleringa meir gradvis. Resultatet er druer med naturleg høgare syrenivå og moderat potensielt alkoholinnhald. Mange forbind syre med noko skarpt, men i vinproduksjon er syra ein strukturell faktor. Ho påverkar balanse, lagringsevne og korleis vinen utviklar seg vidare i kjellaren.

For oss betyr dette at råmaterialet ofte eignar seg godt til musserande produksjon, der naturleg syre er ein viktig føresetnad. Kjøleg klima krev også bevisste vinifikasjonsval – til dømes vurdering av malolaktisk gjæring og korleis ein ønskjer å handtere strukturen i den ferdige vinen.

Sortsval: Tilpassing framfor tradisjon
På våre breiddegrader er klassiske Vitis vinifera-sortar krevjande å modne stabilt. Difor vel mange produsentar i Nord-Europa såkalla PIWI-sortar – hybridar utvikla for betre toleranse mot kjøleg og fuktig klima.
Desse sortane er ofte:
- Meir robuste
- Meir sjukdomsresistente
- Mindre avhengige av plantevern
For oss handlar sortsval både om agronomi og om berekraft. På Hebnes dyrkar me i dag fleire grøne og blå sortar som er tilpassa klimaet her. Dei er valde fordi dei kan fullføre modninga under våre forhold, ikkje fordi dei er mest kjende internasjonalt.
Cold climate krev pragmatiske val.

Ein del av ei større utvikling
Det me ser i dag, er ikkje berre ei lokal historie. Global temperaturauke påverkar etablerte vinregionar gjennom raskare modning, høgare sukkerinnhald og lågare naturleg syre. Samtidig får kjølegare område større merksemd. Cold climate-regionar er ikkje lenger berre randfenomen. Dei inngår i ei pågåande omstilling i det globale vinlandskapet.
Å dyrka druer på 59° nord er ikkje å plukka lågthengande frukt. Det er å arbeide innanfor dei føresetnadene naturen gir og utvikle eit uttrykk som høyrer heime nett her.

Norsk vin på 59° nord
Våre marker ligg i eit kaldt, maritimt klima med mykje lys og skiftande vêr. Det krev tolmod, tilpassing og realistiske forventningar til avkastning. Men det gir også eit råmateriale med eigne eigenskapar.
Cold climate-vin i Noreg handlar ikkje om å etterlikne andre regionar. Det handlar om å finne ein identitet som er forankra i landskapet, lyset og breiddegraden.

Det er der arbeidet vårt byrjar.

Foto: Lise Bjelland

Sjå alle aktueltsaker