Honningbær – søte, syrlege og syndig gode!

Publisert
23
.
March
2025

Åh, nom-i-nom-i-nom! Søtt og syrleg, på grensa til syndig – kven kan motstå?Denne veka har me utforska kva godt me kan laga av honningbær. Lurer du på kva honningbær er? Det kjem me til straks, men først: til godsakene!

Me har tidlegare laga både stille og musserande vin, honningbærgelé og chutney. Chutneyen fekk følge av eple, rosiner og karve. Den litt anisprega karvesmaken fall ikkje i god jord hjå alle, så den skal me nok justera litt.

Geleen derimot, er deilig søt og syrleg på ein gong og perfekt følge til ostefatet.  

Denne veka har me testa syltetøy, fruktgrøt og sirup. Kva lærte me?Syltetøyet vart både søtt og syrleg, omtrent som geleen. Eg tilsette ekstra fruktpektin, men det viste seg unødvendig, sidan honningbæra naturleg har mykje pektin. Neste gong blir det mindre stivt syltetøy!

Fruktgrøten var skikkeleg digg, spesielt med vaniljesaus. Kanskje blir grøten endå friskare med eple i? Det prøver eg neste gong.Og sirupen – kva skal eg seia? At feil er halve gleda med å eksperimentera. Litt overkoking og ekstra pektin gjorde at sirupen vart meir gummibjørnar enn sirup.

Godt, ja visst! Men om godteri skal bli eit nytt satsingsområde, gjenstår å sjå.

Men altså: kva er eigentleg honningbær?  Planten heiter òg Haskap, og har vore dyrka lenge i Russland og Japan. Det er ein buskplante med flotte blå bær, som kan minna om forvokste blåbær.

Mange spør om dei er i slekt med aroniabær, men det er dei ikkje. Honningbær er derimot veldig sunne, smaksrike og rike på antioksidantar.

– Kva smakar det då? Som aronia? Blåbær?

Honningbær smakar som… honningbær! Dei har ein varm, rund smak som minner om ei blanding av skogsbær, solbær og kanskje litt bjørnebær.

Me planta 1000 buskar i 2020 (minus litt omplanting), og eg likar desse buskane betre og betre. Dei er verkeleg ikkje kravstore. Hjå oss står dei i fine rader nede ved sjøen, og det einaste som ser ut til å plage dei er den seige austavinden – men den plagar vel oss alle innimellom.

Til slutt ei lita oppdatering:  
Prosjektet «Frå svin til vin» nærmar seg målstreken! Den gamle gjeldpurkeavdelinga og delar av fødeavdelinga er straks ferdig forvandla til Vinstova og gardsbutikken på Hebnes vingard. Me skal ikkje legga skjul på at det er travelt no, men me har støe og sindige arbeidsfolk (ekte ryfylkingar!) som beroligar oss med at «det skal nok gå godt, det».

Festkaka er bestilt, og laurdag 12. april inviterer me til open dag frå kl. 12 til 15. Då kan du koma og «forveta deg», som me seier her – eta kake, drøsa, og sjå korleis det har blitt i det gamle grisehuset vårt.

Velkommen skal du vera!

Helsing Toyni, vinbudeia på Hebnes  
Vinbonden helsar!

Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.