
Det skjer noko heile vegen, ute i marka og inne i Vinstova. No i helga tok det heilt av.
55 GJESTER OG FULLT HUS
På lørdag hadde me bokbad i Vinstova.
Kristine "Sankeliv" Enger har nett gitt ut boka "Spiselige ville planter". Sankeliv har hytte her på Hebnes og mange av eksempla frå boka hennar er herfrå.
Og det vart fullt! 55 glade sankarar tok turen til Hebnes. Me serverte smaksprøve av yoghurt med kvannsirup, nøtter og engsyre. Kristine hadde med plantar som faktisk veks rett ved oss så me fekk sjå og kjenne.
Og boka: me vart faktisk utselde! Me har bestilt nye.
OG SÅ, UTPÅ KVELDEN
Seinare på kvelden tromma me saman til dugnadsfest for alle gode plukkarar og vinvenner me har rundt oss. Eg har sagt det før og eg seier det igjen: It takes a village. Og for ein landsby me har.
Den kvelden var me 50+ samla rundt naboens nye røykeri og koste oss glugg ihel med heilgrilla gris og andre lokale godsaker. For ein kveld!
NÅR ME FØRST ER SAMLA HER
Etterpå tok eg meg sjølv i å tenka: Kva er det som gjer slike dagar så gode? Det er jo ikkje berre det som skjer. Det er det at me er samla. Folk pratar. Lærer noko nytt. Er saman på ein annan måte enn me er i kvardagen. Låge skuldre. Låtten på lur.Og det er jo akkurat dette me prøver å få til når me tek imot grupper her.
SOMMARAVSLUTNING PÅ HEBNES?
Eg prøvde å sjå for meg korleis eg ville forklart opplegget vårt til mine eigne kolleger: At me kjem ut hit til fjorden, får ein tur i vinmarka og vineriet. Høyrer om korleis det er å vera vinbonde i Ryfylke. Me samlast i Vinstova - vårt gamle grisehus som har fått nytt liv. Eit godt måltid, med mat frå folk me er på fornamn med.
Og så er det denne saken me har som heiter Drueduellen.
Dette er teambuilding utan pes og prestasjon. Me deler inn i lag, leikar oss med lukt og smak, har quiz. Litt konkurranse, men mest leik.Så ja – dette passar fint for kollegaer. Men like godt for vennegjengar og andre som vil samla folk til noko litt annleis.
Vil du høyra meir, er det berre å ta kontakt. Me finn ein dag.
OG NO, DA?Tenker du og at vekene tidvis berre består av måndagar og fredagar? Me og! Men så lenge det er travelt på ein bra måte, skal me jo vera både takksame og fornøgde. Nå gler me oss til å ta imot fleire folk rundt bordet. Gilde gjester med låtten på lur.Er det noko som fristar? Gi lyd!
Varme helsingar frå oss på Hebnes– vinbudeia (og bonden helsar)
PS: VIL DU GI LITT DRAHJELP TIL EIN STRÅLANDE APP?
Me har begynt å bruka appen Blizbi. Den er ny, og handlar om å synleggjera ting som skjer i Stavanger- og Ryfylkeregionen.
Appen lever av at folk tek det i bruk, så om du vil ta ein kikk eller gi oss eit lite puff der inne, set me stor pris på det.