Åååå november - no er du her!

Publisert
13
.
November
2025

Når dei siste druene er i hus:
Det er noko eige med den siste dagen av hausten. Når dei aller siste klasane heng der og ventar, og ein veit at no – no går me inn i vinteren.Tysdag i førre veke tok me inn dei siste druene, Souvignier Gris. Etter månader med sol, regn, håp (og litt irritasjon over vêret), kunne me sleppe ut pusten og seie det som det er: årets druehaust vart faktisk gansk god. Det er noko utruleg tilfredsstillande i å sjå tankane fylle seg. Å vite at det du har henta, knust, pressa og målt gjennom heile hausten no skal få stå og utvikle seg i fred. Me skal ikkje påstå at alt går på skinner (det gjer det aldri), men me har det meste på plass – og det kjennest bra.

Mørketid med lys og liv i Vinstova
Å d'er noko som skjer, å d'er noko som hender ... seier Odd Nordstoga isongen November. I Vinstova er lyslenkene på plass, og me gjer oss klare for dei beste kveldane i året: dei som luktar av granbar, lamper med varmt skjær og latter som blandar seg med lyden av bestikk mot tallerknar. Dette er tida det er ekstra fint å samle folk.

For bedrifter og venelag
Hausten og vinteren er perfekt for å samlast til noko godt og ekte. Hjå oss får de omvising i vingarden, smaking frå fjorden og åkeren – og for deisom likar litt nerve, Drueduellen, der både smaksans og  lagånd blir sett på prøve.Og sjølvsagt: mat frå Ryfylke – laga på lokale råvarer, servert med stoltheit og varme.

Sans for krans – laurdag 29. november
Det blir ikkje jul utan granbar under neglene. Denne laurdagen held Lena frå Myhre juletregard og eg verkstad i Vinstova, med kosefaktoren godt over normalen. Du får alt du treng til å pynta din eigen julekrans – og me stiller med servering, inspirasjon og glimt i auget.

Romjulsquiz – laurdag 27. desember
Når ribba er fordøyd og julaftan er historie, opnar me dørene til ein uformell quizkveld i Vinstova. Det blir mat, drøs og ein runde og to med spørsmål som slett ikkje er så enkle som dei høyrest ut. Samle laget og meld dykk på: Frist 15. desember.

Takk for at du følgjer oss gjennom året,  frå sol og regn i vinmarka til stille kveldar med lys i Vinstova. Me er slitne og glade. Takksame, rett ogslett!

Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.