Kva skjer på vingarden?

Publisert
19
.
May
2025

Det starta alt i jula. Med saksa i hand, lag på lag med ullklede, og pågangsmot som heldt heilt til påske. Den mest tidkrevjande jobben i vinhagen er gjort – klippinga er i boks.

Og medan knoppane no skyt fart i mai-sola, er bonden allereie i gang med neste økt:
Gras skal klippast. Løvetann skal lukast.

(For ja – sjølv om løvetanna står der og smiler, solgul og fin, stel ho næring frå druene våre. Kanskje me ein dag lagar løvetannvin, me òg? Tanken er i alle fall notert.)

Men det er meir å henga fingrane i.
Mange av dykk har kanskje fått det med dykk: Opninga av Vinstova på Hebnes – i det gamle grisehuset, som no er blitt ny storstove. Over 200 var innom på opningsdagen. For ein dag det blei!

Her har me no plass til 75 gjester – og det er her me held vinsmakingane våre framover. Allereie har grupper meldt seg på for både vår, sommar og haust. Men me har plass til fleire. (Ikkje ver redd for å dela tipset vidare, me er glade for besøk.)

Seinare i år opnar me òg for leige av Vinstova til private selskap. Hadde ikkje det vore stas?

Og elles?
Jo, me tappest.
Rosèvinen 2024 kom på flaske førre veke. I morgon er det kvitvinens tur. Den musserande kvitvinen er allereie klar til servering, medan musserande rosé og honningbærbobler blir klar til juni.

Her er programmet vårt framover.
Du kan bestilla plass på hebnesvingard.no, eller berre slå på tråden – bonden er ikkje vanskeleg å få i tale:

📍 23. mai – Sjokoladesmaking med Chili Chocolate
📍 7. juni – Boblesmaking med tre av våre musserande vinar
📍 28. juni – 9. august – Omvisning og vinsmaking torsdag, fredag og laurdag
📍 23. august og 6. september – Fjordcruise med Rødne

Mai–juni: Me tek imot grupper på bestilling. Send oss ein e-post på booking@hebnesvingard.no.

Med ønske om ein strålande fin maimånad vidare 🌿
– Toyni og Arild, vinbudeia og vinbonden

Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.