Lokalmat frå Ryfylke - eit spørsmål om smak

Publisert
19
.
February
2024

Lokalmat frå Ryfylke er ikkje bare eit spørsmål om smak, men om identitet og stoltheit.

Me som bur og driv her i Ryfylke kjenner ofte på at me bur midt i matfatet. Lokalmat hjå oss er ikkje berre kortreist, den er bortimot ureist. Matrettar og produksjonsmetodar har blitt overlevert gjennom generasjonar, og representerer ein djup respekt for naturen og sesongens rytmar.

Lokalmat = tradisjonsmat?

Eple, jordeple, plommer, torsk, sei, krabbe, kjøt og egg. Heimebaka flatbrød, surdeigsbrød og lappar. Fermenterte grønsaker rett frå eigen eller naboens åker. På kafeen på Sand får du komle og kombucha. Tradisjon og framtid i same servering.

Syltetøy er og har vore lokalmat i åravis

Kva er det som gjer lokalmat frå Ryfylke så spesiell? Vel, det pragmatiske svaret er at den er ikkje meir spesiell enn lokalmat frå andre område. Men kanskje handlar det noko om korleis me har tatt vare på våre kulinariske røter oppgjennom tidene?

Gjestebud på garden

Eit eksempel: Då me begynte å dyrke druer for å laga vin var det mange som både spurde kvar me hadde fått den ideen frå, og samstundes slo fast at vin, nei det har me ikkje tradisjon for her til lands. Og det er for så vidt sant, men berre delvis. Det stemmer at me ikkje har tradisjon for produksjon av druevin i Norge. Ikkje veldig lang tradisjon for kommersiell produksjon av frukt- og bærvin, heller, når sant skal seiast.

Men til og med her, i ikkje veldig liberale Suldal (tradisjonelt, i alle fall) har ein jo laga vin oppgjennom tidene. På gardane rundt oss har det alltid vore tradisjon for å nytte råvarene ein hadde til rådigheit. Hadde du eit pæretre la du pærer på glas og hermetiserte til jul. Bærtuene i skogen vart tømte på seinsommaren, og flasker og glas fylte med saft og syltetøy. Skulle du ha eit bryllaup og trengte drikkevarer sterkare enn saft, ja så laga du vin på rips og solbær, då vel.

Lompe vs potetkake

Oppskrifter på lefse, dravle, smørgraut og fiskekaker har gått i arv frå generasjonar langt, langt bakover. Det er noko befriande og friskt over desse kånene som berre fnyste av meg då eg himmelfallen oppdaga at dei faktisk lagde lompene sine sjølve. Som austlending er eg van med at lomper er noko du kjøper og har wienerpølser i. Potetkaker, derimot, dei smører du lunka med godt smør og strør på med sukker – og det smakar himmelsk! Himelsk lett å laga, sa ho som skulle vise meg: Du tar jo bare nokre poteter som er igjen etter middagen, knepper dei med litt mjøl og steiker på panna.

Lokalmat frå Ryfylke, potetkake er ein god ambassadør.

Eg er framleis like himmelfallent begeistra når eg får heimelaga lomper, og eg forstår ikkje desse kånene som ikkje sel desse godsakene til blodpris i staden for å ausa dei ut på familie og vener.

Dei nye produsentane

Eller? Jo, sjølvsagt forstår eg det. Og er glad for det! Men det bringer oss over på dagens mat- og drikkeprodusentar. Dei nye lokalmatentusiastane. (Den nye vinen, kunne det vore fristande å seia, men eg skal halda meg for god.) Kven me snakkar om då? Dei som produserer ost, chutney, syltetøy, eplemost, sider, vin og sjokolade og sel det i butikken sin eller hjå andre. Dei som stykker og speiker kjøt og fisk og sel det frå garden sin eller på lokalbutikken.

(Psst: Me skal vera med på Kortreist i 2024).

Sånne som oss, som for all del unner slekt og venner ein smakebit, men som mest av alt ønskjer å kunne leve av dette: Å forvalte, foredle – og gjerne servere – lokalmat og -drikke.

Lage mat av pengar?

Er det mykje arbeid? Ja. Blir ein rik av det? Neppe. (Viss det siste er motivasjonen trur eg samtlige lokalmatprodusentar vil rå deg til å finna andre næringsvegar å forfølge.) Kan ein leva av det? Ja, men helst viss du har fleire økonomiske bein å stå på.

Er det givande? Ja!

Og før hallelujastemninga tar heilt overhand: Det er mykje arbeid.

Det er verdt det.

Toyni, vinbondekone

Så kven er det så som forvaltar tradisjon og framtid og held styr på lokalmat i Ryfylke?

OM: Ryfylke er ein region i Rogaland fylke, kjent for sine mange fjell, fjordar og frodige dalar. Regionen femnar om fleire kommunar frå Nord-Jæren i sør til Hardangervidda i nord.

Sjå alle aktueltsaker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.