Nå kan du kjøpe gåvekort som du kan bruke til å betale for vinsmaking, omvisning og lunsj i vår bookingkalender.
-
- Regn ut beløpet du ønskjer å gi. (2023-prisar: Vinsmaking og omvisning 490,- per person, vinsmaking, omvisning og lunsj 740,- per person. Prisar for 2024 blir gjort kjent før jul i 23.)*
- Trykk på gåvekort-knappen.
- Legg inn beløpet du ønskjer å gi og følg prosedyren vidare.
*Er det pengar igjen på gåvekortet etter at du har kjøpt billettar kan du bruke dette i gardsbutikken vår.
VIKTIG: GÅVEKORT KJØPT FØR 1. MAI 2023: Dette gåvekortet bruker du ikkje til online bestilling. Ta kontakt, så hjelper me deg å bestille plass: booking@hebnesvingard.no
Du får:
- Bli med og møt vinbøndene på Hebnes. Me tar deg med på ei vandring i vingården. Her vil me fortelja om dyrking, ulike druesortar, jordsmonn og stell av planter.
- Etter vandringa kan du bli med inn i vineriet, der du vil høyre om korleis desse edle dråpane blir til. Me luktar og smakar oss gjennom tre av gardens ureiste vinar – basert på ureiste druer. Saman med vinen får du eit lite snackfat med lokal ost og skinke, og sanneleg er det litt av ei oppleving å kjenne korleis vinen kan endre smak saman med mat!
- Vinsmaking og omvisning varar i omlag 1,5-2 timar.
- Etter vinsmakinga kan du bli sitjande i vineriet og nyte ein deilig sandwich-lunsj, og me byr alltid på kaffi/te etter eit måltid hjå oss.
- Du kan også kjøpe vin eller lokalprodusert eplemost i glas etter vinsmakinga.
NB! Me minner om at du må vere fyllt 18 år for å kunne smake på vin.
Når er det ope i 2023?
Me opnar fredag 23. juni – midtsommaraftan.
Me har ope tre dagar i veka: torsdag, fredag og laurdag.
Siste opningsdag er 12. august 2023. Opningstider dag for dag finn du her.
Korleis kjem du deg til Hebnes?
Med eigen båt: Kontakt oss, me har brygge du kan legge til ved.
Med bil: Her er me på kartet. Du kan parkere framføre vineriet.
Somme dagar vil det passa godt med hurtigbåt.
—