Personvernerklæring

1  Innleiing

Me er opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis me handterer personopplysningane dine. I denne personvernerklæringa forklarer me difor kvifor me samlar inn informasjon om deg, korleis me brukar denne informasjonen og korleis me tar omsyn til personvernet ditt.

Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein identifiserbar enkeltperson. Dette kan til dømes vere namn og kontaktinformasjon, kjøpshistorikk eller informasjon om interesser.

Bruk av personopplysningar må følgje personopplysningslova. Me, som behandlingsansvarleg, vil sørge for at me brukar personopplysningar om deg i samsvar med loven sine reglar.

2  Kva personopplysningar har me om deg?

Avhengig av kva informasjon du gir oss, korleis du brukar våre tenester, og kva løyve du gir oss, har me desse opplysningane om deg:

  • Opplysningar om deg: Informasjon du gir når du kontaktar oss gjennom skjema på nettsida, e-post, eller bestiller noko gjennom oss som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Du kan velgje å gi oss meir informasjon om deg sjølv, som kjønn.
  • Kommunikasjon: Informasjon du gir oss når du har kontakt med vårt kundesenter, som e-postar sendt mellom oss.
  • Opplysningar om bruk på nettsidene: Informasjon me får når du brukar vår nettside, som kva slags eining du har (til dømes mobil eller PC), IP-adresse, kva sider du besøkjer og kva funksjonar du bruker der.
  • Opplysningar frå partnarar: Informasjon me får frå våre samarbeidspartnarar og/eller tenesteleverandørar.
  • Profileringsopplysningar: Informasjon me lagrar automatisk basert på dei andre opplysningane (nemnt ovanfor) me har om deg, som dine preferansar, interesser og kva demografiske grupper du tilhøyrer, med mindre du har motsett deg dette.

3  Kva brukar me personopplysningane til?

Me brukar personopplysningane dine til følgjande formål:

  1. Tilby nettside: Me brukar opplysningar for å tilpasse nettsida og app til det tekniske utstyret du brukar. Me kan også bruke opplysningane til å tilpasse innhaldet på vår nettside til kva me trur du er interessert i.
  2. Kundeservice: Me lagrar opplysningar som du gir og mottar dersom du har kontakt med oss for å yte service og administrere kundeforholdet ditt.
  3. Statistikk: Me samlar statistikk for å forbetre og vidareutvikle produkta våre og tenester. Så langt det er mogleg gjer me dette med anonyme opplysningar, utan at me veit at informasjonen er knytt spesifikt til deg.
  4. Kontaktskjema: Informasjon sendt gjennom kontaktskjema på vår nettside blir lagra for å kunne svare på førespurnaden.
  5. Marknadsføring: Me kan bruke din kontaktinformasjon (til dømes telefonnummer og epost-adresse) til å sende deg anbefalingar og informasjon om produkta våre. Me kan bruke opplysningar for å gjere tilråding og informasjonen mest mogleg relevant for deg, med mindre du har motsett deg dette. Viss du ønskjer det, vil me også sende deg tilrådingar og informasjon om våre samarbeidspartnarar sine produkt og tenester.

Det rettslege grunnlaget for formål 1, 3 og 4 ervår interesse i å kunne tilby, vidareutvikle og marknadsføre tenestene våre.

Det rettslege grunnlaget for formål 2 erå oppfylle kontrakten vår med deg.

Det rettslege grunnlaget for formål 5 kan også vere ditt samtykke, dersom du har gitt oss dette. Det kan vere nødvendig for å sende deg marknadsføring.

4  Kven deler me personopplysningar med?

Me deler personopplysningar med selskap som leverer tekniske og administrative tenester til oss, slik som IT-leverandørar. Me har avtalar med desse for å sikre personvernet ditt.

Me kan utlevere opplysningar i enkelttilfelle, til dømes til offentlege styresmakter, ved mistanke om lovbrot.

Me kan elles dele anonymiserte opplysningar med samarbeidspartnarar for blant anna marknadsanalysar og tenesteutvikling.

5  Kor lenge lagrar me personopplysningar?

Me lagrar opplysningar om deg, berre så lenge det ernødvendig for å oppnå føremålet dei blei henta inn til, sidan me er pålagde å lagre opplysningane. Opplysningane vil bli sletta eller anonymisert når dei ikkje lengre er nødvendige for å oppnå føremålet. Under er ei oversikt over kor lenge me lagrar opplysningane dine:

  • Opplysningar om deg: Viss du har kundekonto hjå oss, slettar me opplysningane dersom du ønskjer det når du seier opp kundeforholdet. Me slettar opplysningane automatisk etter tre år.
  • Opplysningar om bruk på nettsidene: Me lagrar informasjon om bruken din nettsidene våre i opptil 14 månadar.
  • Opplysningar frå skjema i nettsida: Informasjon frå skjema blir lagra i leverandøren (Webflow) sine krypterte databasar på AWS-servere i USA. Informasjon blir overført kryptert frå IP-adressa til serverane     gjennom https. IP-adresse til avsendar blir berre lagra midlertidig i 24 timar, som eit tryggleikstiltak mot spam. Ein kopi av skjema blir sendt til vår epost-adresse, og blir lagra her i tillegg. Du kan be om sletting av skjema på server og i epost-arkiv ved å ta kontakt med oss.
  • Opplysningar frå partnarar: Me lagrar eventuell informasjon frå samarbeidspartnarar så lenge du har samtykka, eller til dei blir sletta automatisk. Me vil slette opplysningane frå epost-korrespondanse, eller     kontaktskjema på nettsida dersom du ber om det.
  • Kommunikasjon: Me lagrar kommunikasjonen med kundane våre i tre år, med mindre me treng å lagre det lenger, til dømes i samband med klager eller krav.  

6  Rettane dine

Du kan ha rett til å be oss å:

  • Gi deg ytterlegare informasjon om korleis me handterer dine personopplysningar.
  • Gi deg en kopi av personopplysningar om deg.
  • Oppdatere dine personopplysningar.
  • Slette opplysningar som me ikkje lengre har grunnlag til å ha lagra.
  • Avgrense, eller stoppe behandlinga av opplysningane dine.
  • Motsette deg automatiske individuelle avgjersler, inkludert profilering.
  • Gi deg opplysningar du har gitt til oss i en strukturert, alminneleg brukt og eit format som kan maskinlesast eller, der det er teknisk mogleg, be oss om å overføre desse til ei anna verksemd.
  • Trekke tilbake eventuelle samtykke du har gitt oss.

Ver klar over at det finns avgrensingar i desserettane. Ta gjerne kontakt med oss viss du vil ha meir informasjon om dette.

Viss du meiner at me behandlar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, vil vi gjerne at du kontaktar oss slik at me kan svare på dine spørsmål eller gjere greie for eventuelle misforståingar.

7  Cookies

Me brukar cookies på nettsidene våre for å sikrefunksjonalitet på nettsida, analysere nett-trafikk og sjå kva område på nettstadenvår du har besøkt. Ver vennleg å les Cookie Policy under for meir informasjon.

Cookie policy

Me nyttar cookies på denne sida for å gjere innhaldet og brukaropplevinga betre. Dette gjer me via webanalyseverktøyet Google Analytics. Ingen personleg informasjon om besøkjande på nettsida blir lagra. Google Analytics brukar informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettsida lagrar på brukaren si datamaskin), som registrerer brukar si IP-adresse, og som gir informasjon om rørslene til den enkelte brukaren på nett. Døme på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettsider brukarane kjem frå og kva nettlesararsom blir brukt. Ingen av informasjonskapslane gjer at me kan knyte informasjonom din bruk av nettsida til deg som enkeltperson. Data knytt til informasjonskapslar blir automatisk sletta 14 månadar etter registrering. Du kan sjølv administrere bruken av informasjonskapslar. Informasjonen som blir samla inn av Google Analytics, blir lagra på Google sine serverar i USA. Mottekne opplysningar er underlagt Google sine retningslinjer for personvern.

8  Endringar i personvernerklæringa

Me vil kunne oppdatere personvernerklæringa frå tid til annan. Du vil få beskjed om endringar som betyr noko. Du vil alltid finne siste versjon av vår personvernerklæring på nettsida.

9 Kontaktinformasjon

Viss du ønskjer å kome i kontakt med oss, kan du nyttefølgjande kontaktinformasjon:

Kontaktperson: Arild Hebnes

Telefonnummer: 95 96 98 09

E-postadresse: arild@hebnesvingard.no

Sist oppdatert: 03.04.2024

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.