
Svaret kan kome til å overraske deg.
Plantene våre har teke til på vintersøvnen, og bonden er godt i gang med grovklippinga – eit av dei der litt stillfarne, men avgjerande stega som legg grunnlaget for neste års vokster. I ståltankar og leirkrukker står vinane no og stabiliserer seg. Og eg tek meg sjølv i å flire litt i skjegget: Tenk kor merkeleg naturleg det har blitt å snakka om vinproduksjon her oppe i kalde nord, som om det skulle vore den mest sjølvsagte tingen i verda.
Då me planta dei første vinstokkane i 2020 var me ein liten gjeng i landet som sat i same båt. Nå tel dei kommersielle vinprodusentane mellom 20 og 30, og ei heil lita næringsklynge er i ferd med å ta form. Foreningen Norske Druedyrkere har samla inn tal frå både hobbydyrkarar og profesjonelle, og reknar at det finst rundt 130-150.000 vinstokkar i Norge.
Av desse er om lag 100.000 planta hos dei kommersielle produsentane. Dei fleste, som oss, satsar på hybridar som toler regn og kulde langt betre enn dei klassiske drueslaga.
LYKKELEG SOM LITEN
Me har 6.000 vinstokkar her på Hebnes. Det er ikkje mykje; det er skikkeleg småskala. For oss betyr det eit potensiale på 1.000–5.000 liter i året, avhengig av kor lunefull naturen er. Men for ein rikdom det er å følgja desse plantene gjennom årstidene!
Og det gler oss stort når stadig fleire får auga opp for det me held på med og alt som rører seg rundt dette nybrotsarbeidet.
DET MANGE LURER PÅ
Mange lurer på korleis me eigentleg finn ut av alt som har med druer og vin å gjera. Det gir oss eit fint høve til å løfta fram dei som har vore – og framleis er – våre viktigaste rettesnorer. Vinbonde Bjørn Bergum var vår første mentor og «fødselshjelpar». Det han ikkje veit om druer i Norge, er knapt verd å vite.
Sidan har ønolog Albert Schamaun teke over stafettpinnen. Han kom innom sist nå i oktober for å smaka på vinane, peika ut justeringar og gje råd for vidare stell. Albert held til i Tyskland og har kundar over store delar av Europa.
RÅD FOR DET MESTE
Me er umåteleg takksame for å ha både han og Bjørn i ryggen, i tillegg til ein uvurderleg delekultur som finst i FND. For noviser som oss er ein god rådgjevar ikkje berre nyttig – det er alfa og omega. Og heilt ærleg: av og til fungerer dei òg som diplomatar mellom bonden og budeia når begge meiner å ha rett.
Ein undervurdert del av faget, det der ;-)
VELKOMMEN TIL GARDS
Når me først er i gang med å svare på dei vanlege spørsmåla, tek me dette òg: Går det an å leige Vinstova til eit privat arrangement? Ja, det kan du! Enten det gjeld ei vennegjeng eller ein feiring med mat og drikke: berre ta kontakt, så finn me ut av det saman.
Til slutt i dette nest siste nyheitsbrevet av året vil me få retta ein varm takk til dykk som har følgt oss år etter år – og eit like varmt velkommen til dykk som er nye på lista.
Ha ei riktig god og avslappa førjulstid, der du er. Sjølv prøver eg å tenka som bonden: Det som ikkje blir gjort i dag, får me gjera i morgon.
Og skulle julestria bli litt mykje: klem eit tre. Det hjelper kanskje ikkje på stria – men det er overraskande koseleg.
Varme førjulsklemmar frå Toyni, vinbudeia på Hebnes
Bonden helsar også!